Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Synes du bunadssølvet ditt mørkt og lite blenkande kan vi hjelpe deg med å få det fint igjen. Vi kan rense smykka og gi dei ei oppfrisking slik at det ser ut som nesten nytt! Sølv vert påvirka av luft (eller rettare, svovel i lufta) som gjer at det anløper. Over tid vert det mørkt og lite fristande å sjå på og det må pussast oppatt. Dess meir luft som slepp til dess verre vert sølvet, og er det fettete og smussete gjer det ogso sitt til at sølvet ser ille ut.

Vårt råd er å vaske sølvet, bruk såpevatn med litt salmiakk og ein blaut børste. Du kan la sølvet ligge i oppløysinga ei stund og skyll og tørk grundig etterpå. Dette vil fjerne skitt og fettflekkar, men det vil ikkje fjerne anløpning.

For å fjerne anløpning må vi bruke ein sølvdypp. Det får du kjøpt i gullsmedforretningar og er veldig effektivt og må brukast forsiktig! Dypp raskt og skyll godt, gjenta dersom du ikkje er fornøgd, lat aldri sølvet ligge i middelet.

Oksidert bunadssølv skal ikkje dyppast! Da vil oksyderinga forsvinne og sølvet vil sjå veldig lite vakkert ut...

Altso, i såpevatn kan sølvet ligge, men i sølvdypp skal det aldri ligge! Og ver merksam på at delar av bunadssølvet kan vere innehola, slik som halsknappar, sunnmørsknapp og marthaknapp. Dei vil fyllest med væska og du risikerer å få det på skjorta dersom du ikkje får det tørt! Som oftast brukar vi ikkje å dyppe slike gjenstander og vi anbefaler at du ikkje gjer det heller. Bunadsskjorte er eit svært kostbart plagg og tåler ikkje desse væskene!

På sunnmørsbunaden er mykje av sølvet kvitt med forgyllte detaljar, forgyllinga er det svakaste punktet og kan verte slitt. Da er det ikkje so mykje å gjere, ein får ta det som teikn på at bunadssølvet er flittig brukt!

Vi tar gjerne jobben med å pusse opp sølvet ditt, da gjer vi det slik som vi meiner er best for å få fram den opprinnelege gløden.

Treng bunadssølvet ditt reparsjon hjelper vi deg med dette her på huset.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn