PF Waage gullsmed i Ulsteinvik

Gammelt gull

kva skal du gjere med ditt  gamle gull? Først bør du vurdere om du vil gjere noko med det, vi brukar å sei at det er ikkje farleg å eige gull! Tenk nøye gjennom om du vil kvitte deg med minna og affeksjonsverdien som ligg i gamle smykkker.

Vi kjøper ogso tanngull.

Men synes du at det er bortkasta å ha det liggande kan vi tilby å kjøpe det for ein avtalt sum som følger dagens gullpris, eller du kan bruke det som råvare for nye smykker. Har du gull som du vil selge kan du ta kontakt med oss og vi vil gi deg eit tilbud som du står fritt til å godta, vi tar ikkje betalt for å beregne gullverdien.

Skal du bruke gullet som utganspunkt for å lage nytt kan vi velge å bruke det fysisk same gullet, eller det vert raffinert og framstilt som nytt. Du kan då ikkje sei at det er det same gullet som blir brukt, fordi i raffineringsprosessen vert ei større mengde gull behandla og framstilt som plate, tråd, bolt eller granulat. Knytter det seg spesielle verdi til smykka so er det mogeleg å bruke det same gullet, men då kan det vere begrensingar som t.d. at det ikkje kan stemplast. Spør oss om råd, dette er fagkunnskap som vi er godt kjente med.

Vil du selge gullet vert det rekna som brukthandel og det er strenge reglar for slik handel, vi har bevilling for brukthandel og vi følger regelverket. 

Vi tar gjerne i mot gammalt gull, det kan av og til ta litt tid å beregne vekt og verdi, men vi kan raskt gi tilbakemelding og tilby ein avtale.

Vi kjøper ikkje bruktmetall av folk som ikkje kan legitimere seg, som er rusa eller ikkje kan gjere greie for kvar gullet kjem frå. Er vi i tvil, kjøper vi ikkje! 

All handel med bruktmetall skal dokumenterast og ved mistanke om tjuvgods vert det varsla til politiet.